Har du ein forskarspire i magen?

Tekst: Sara Soraya Eriksen (medisin- og forskarlinjestudent ved Universitetet i Bergen)

På dei medisinske fakulteta i Norge eksisterer det ei unik moglegheit: moglegheita til å få eit grundig innblikk i ein forskarkvardag allereie i studietida. Eg snakkar sjølvsagt om forskarlinja. Som førsteårs medisinstudent var eg i 2015 skråsikker på at forskarlinja – det var verkeleg ikkje noko for meg. Å rotne vekk i ein kontorstol, å vere ein slave av datamaskina, å få firkanta auger av å lese side opp og side ned av artiklar. Det finst jo ikkje noko som høyrast mindre freistande ut? Så grundig feil kan ein ta.

Eg var heldig og møtte ein dyktig forskar som i dag er ein av veiledarane mine. Seks månadar inn i fulltidsåret mitt som forskarlinjestudent kjenner eg på ei kjensle av umåteleg takksemd. Takksemd for at det eksisterer ei slik moglegheit og takksemd for all lærdom det inneber. Samtidig slår det meg at det er synd ikkje fleire grip denne sjansen. Hadde nokon fortalt meg det eg veit i dag og hadde eg vore open for å setje meg inn i kva eit forskarlinjeår kan innebere, trur eg den bastante oppfatninga eg hadde i førsteklasse hadde vore annleis.

Det fine med forskarlinja er nemleg så mykje: 

  1. Det gjev ei unik moglegheit til å få utdjupe seg i noko ein synst er spennande.
    Å gå forskarlinja betyr ein sjanse til å bruke tid på noko du likar, lære meir om noko du kanskje har sett for deg at du ynskjer å arbeide med i framtida, eller ei moglegheit til å fordjupe seg i noko du rett og slett er veldig nysgjerrig på. Ikkje berre kan du fysisk høyre hjernen din, og engasjementet ditt, vekse: du slepp som student å bekymre deg for kontoen din medan du gjer det.
  2. Det er ein modningsprosess!
    Dette vil eg påstå for mange er den viktigaste delen av å gå forskarlinja. Å iblant føle at motbakken er for stor, føle seg som ein liten ubetydelig promp, kjenne at frustrasjonen over at det ikkje går som du ynskjer ta over, kjenne hjartet banke ut av brystet i det du skal presentere noko for ein sal du er sikker på veit meir om temaet enn deg sjølv: Alt dette er ikkje berre forferdelig – det er fantastisk lærerikt, og sunt! Du lærer at det er heilt okei å ikkje vite alt. Det er heilt okei at ikkje alt alltid går på skinner. Du lærer i botn og grunn mykje om deg sjølv, som ikkje berre vil vere nyttig i framtida som helsearbeidar, men som vil vere gull verdt å ha med seg i livet.
  3. Det er ei fin moglegheit til å møte menneske som synst det same som deg er spennande 

Å møte menneske som finn det same som ein sjølv interessant kan vere både kult og motiverande. På forskarlinja lærer du at du oftare er avhengig av andre, enn ikkje. I ein til tider sjølvsentrert verd, er ikkje dette den verste lærdommen å ha med seg vidare. Gjennom forskarlinja har eg også møtt menneske som eg er overbevist kjem til å bestå som nokre av mine næraste venner, kanskje livet ut. I tillegg eksisterer eigne forskarlinjeforeiningar og forskarlinjekonferansar som gjev deg moglegheit til å stifte kjennskap med forskarlinjestudentar frå andre kull, frå andre forskingsgrupper, og til og med frå andre studiebyar.  

  1. Det opnar nokre ganske kule dører 

Å gå forskarlinja byr også på ein del unike moglegheiter. Ikkje berre blir vegen til ei potensiell doktorgrad ved endt medisinstudium kortare, forskarlinja gjev deg også moglegheita til å oppleve samlingar og konferansar. Der vert kanskje den fremste og nyaste kunnskapen innanfor feltet ditt av interesse lagt fram. Ganske stilig! 

Om eg endar opp med å forske i framtida veit eg endå ikkje. Men ein ting er i alle fall sikkert: dette året ville eg ikkje vore forutan. Frustrasjonen tar ein til tider, hjernen kokar iblant over, og ikkje veldig sjeldan føler ein seg som ein mikroskopisk fjott i ein stor og skummel akademisk verd. Men opplevinga av å få utforske kunnskapens (og sine eigne) grenser, i tillegg til vennskapa ein sit igjen med, gjer det heile til ei unik moglegheit du burde vurdere å gripe fatt i.

Går du og lurar på om du kanskje har ei forskarspire i magen? Ta kontakt med forskarlinjeadministrasjonen i din by, sonder terrenget for potensielle prosjekt, og søk forskarlinja. Eg trur ikkje du kjem til å angre! 

FORSKARLINJA

  • Forskarlinja ved dei medisinske fakulteta er eit tilbod for studentar som har interesse for medisinsk forsking
  • Studentane følgjer eit ordinært lege- eller tannlegestudium, men får i tillegg organisert forskaropplæring, og utfører forskingsaktivitet som kan vere starten på ei doktorgrad (Ph.d.-grad)
  • Forskarlinja inneber at den normerte studietida forlengast med 1 år, og fullført forskarlinje gjev 120 studiepoeng
  • Studentar som tas opp til forskarlinja finansierast med eigne studentstipend for tida avsett til forsking
  • For info om opptak og søknadsprosess: Besøk universitetssidene til Bergen, Oslo, Trondheim eller Tromsø

Sitat frå eit knippe forskarlinjestudentar

Eg forskar på minimal invasiv kirurgi på aorta i brystet og abdomen. Det beste med forskarlinja er å kunne fordjupe seg i eit interessant fagfelt. Eit tips til potensielle søkjarar er å finne eit prosjekt som ein verkeleg synst høyrast spennande ut.

Håvard Ulsaker (Trondheim) 

Eg forskar på bruken av primærhelsetenesta for akutte luftvegsinfeksjonar. Det er litt rart å gå ut av studiekvardagen og bruke all tid på eit prosjekt, men oversikta og kunnskapen ein får tilbake er heilt unik. Prosjektet mitt gjev også moglegheit til å forske på den pågåande koronaviruspandemien i Noreg, og korleis det påverkar primærhelsetenesta vår. Det er jo kjempespennande. 

Leo Larsen (Bergen)

Ved å forske på ei kompleks liding som irritabel tarmsyndrom har eg fått stor forståing og respekt for kva arbeid som ligg bak alt vi veit i dag, og har innsett at medisinen er avhengige av slike som oss for å stadig vere i utvikling.

Erica Person Teige (Bergen)

Eg har forska på lange ikkje-kodande RNA i brystkreft i forskingsgruppa RNA og molekylærpatologi ved Institutt for medisinsk biologi ved UiT. Det beste med forskarlinja har vore den daglege kl. 9-kaffen i kaffekroken med forskingskollegaer. Der diskuterast og løysast små og store problem medan ein draumar om publikasjon i Nature

Ingrid Rosenlund (Tromsø)


Eg forskar på karfunksjon hos kvinnelige eliteløparar, og held til ved Karavdelinga på Aker Sjukehus, OUS. Trening og treningsfysiologi er ein stor lidenskap for meg, og det finaste med forskarlinja er at eg får kombinere hobby og utdanning og forske på noko eg verkeleg brenn for! Samtidig er det spennande å få eit innblikk i forskingskvardagen og dei mange moglegheitene dette byr på vidare. 

Karoline Holsen Kyte (Oslo)

Eg forskar på kva konsekvensar moderate og alvorlege hovudskadar har for funksjonen til personen inntil 5 år etter skaden. Gjennom prosjektet får eg moglegheita til å dyrke interessa for faget og samtidig bidra til kunnskap som kanskje i framtida kan brukast i ein klinisk kvardag. Kvardagen som forskarlinjestudent er både spanande, utfordrande og variert! 

Rabea Pantelatos (Trondheim)

Eg forskar på dei helserelaterte og økonomiske gevinstane Etiopia kan oppleve når kvinner får auka tilgang til prevensjonsmidlar. Noko av det finaste med forskarlinja er å vere ein del av ei større forskingsgruppe med alt frå ferske studentar til erfarne professorar, der alle har eit engasjement for global helse og rettferdighet på tvers av landegrenser. 

Marta Røttingen Enden (Bergen)

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s