Profiler: 0320

Tekst: Tuva Stranger Mjønes, redaktør
Bilder: Privat

Eirill Sæbø

Eirill er 26 år gammel, og studerer på sitt 7. semester ved Universitetet i Bergen. Jeg møter henne i forbindelse med praksis ved et psykiatrisk sykehus på vestlandet, der vi begge får brynt oss på spennende dager. Diagnoser med noe utydelige grenser (hvertfall for oss ikke-spesialister!), voldsomme skjebner, og utfordrende behandlingsløp står i fokus her. Eirill synes medisinstudiet er en perfekt kombinasjon av biologi og psykologi, med et dryss av samfunnsfag og filosofi på toppen av det hele. «Det er altså et veldig bredt studie, som gir mange muligheter for arbeidslivet videre» – noe undertegnede også er veldig glad for – få dører er lukket! Eirill er også engasjert i Nmf Bergen ved siden av studiene. På fritiden liker Eirill å løpe, gå på tur og tenke over stort og smått. Som mange andre nå om dagen har hun dilla på strikking, og liker også å lese og se TV-serier. Før hun begynte på medisinstudiet bodde hun tre år i Danmark. Der studerte hun, jobbet og prøvde å lære seg dansk. Hun er med andre ord veldig glad i vårt kjære flate naboland! 

  1. Har du et tips til de som går førsteåret på studiet, som du skulle ønske noen hadde fortalt deg? 

Å prioritere å være sosial, så mye man orker. Det får man igjen for senere.

  1. Hva er noe du har fått mye bruk for gjennom studietiden?

Hm, er det lov å si Google? Ellers har jeg fått god bruk for gode venner, som kan brukes både til eksamenslesing, kollokvier og ikke minst til helt studie-irrelevante ting.

Åshild Røssland

Åshild er 25 år gamal,  og går også på sitt 7. semester ved Universitetet i Bergen. Ho syng i koret Plica Vocalis, som er jentekoret på det medisinske fakultetet. Musikk har også vore ein interesse før ho starta i dette koret – ho gjekk nemleg eitt år på musikklinje på ein folkehøgskule før medisinstudiane. I tillegg tok ho opp fag og reiste litt.  Åshild studerer medisin fordi ho har lyst til å arbeide med mennesker. «Eg synes i tillegg at kroppen er utrulig fascinerande, og er gira på å lære korleis alt heng saman.»  Ved siden av studiet er ho også engasjert i Medisinsk seksualopplysning (MSO) i Bergen, der ho får gledje av å undervise for mellom anna ungdomsskulelevar om kroppen og seksualitet. 

  1. Har du eit tips til dei som går fyrsteåret på studiet, som du skulle ynskje nokon hadde fortalt deg? 

 Ikkje stress, det kommer til å gå bra. 

  1. Kva er noko du har fått mykje bruk for gjennom studietida?

Vener som ein kan diskutere både pensum og bekymringar med, og koret. Koret er ein pause i kvardagen der ein ikkje skal tenka på noko anna enn å synga. 

Marte Elise Eide

Marte er 22 år og studerer saman med Åshild og Eirill i Bergen. Ho fortel at det er fleire ting som gjer at ho studerer medisin i dag. Marte har alltid vore fascinert av kroppen og kvifor ting er som dei er. «Yndlingsboka mi som liten var Kroppen av Trond Viggo. Da eg var lita var eg ofte med mamma på jobb på gamleheimen ho jobba på. Ho var aleinemor og hadde ikkje alltid andre til å passe meg. Besetninga lot meg til og med vera med å dela ut medisinar! Sjølvsagt under nøye tilsyn.» Marte trur nok ikkje dei hadde latt ei fireåring fått gjera noko slikt idag.  Ho hadde også ei bestemor som ho tykte det alltid var kjekt å hjelpe. Ho fekk vera med på å ta blodsukker, og å setje insulin var kjempespennande. Då ho seinare i livet fann ut at naturfag, kjemi og biologi var dei kjekkaste faga, var det lett å ende opp med medisinstudiet som førsteval. Då ei bestevenninne blei sjuk på vidaregåande styrka dette valet hennar ytterlegare. På fritida speler Marte klarniett. Ho har vore aktiv i musikken, med både korps, undervisning og spelejobbar i teater og musikal. No speler ho i Skjold Nesttun Janitsjar samt det Medicinske Blæse et Spadserensemble. 

  1. Har du eit tips til dei som går fyrsteåret på studiet, som du skulle ynskje nokon hadde fortalt deg? 

Finn ei kollokviegruppe! Det er mykje lettere å forstå vanskelige ting saman og ein blir lettere kjent med folk på kullet ein kanskje aldri hadde fått kontakt med ellers. 

  1. Kva er noko du har fått mykje bruk for gjennom studietida?

Ein hobby! Når studiet gjer ein susete i hovudet og ein kanskje har fått litt nok, er det veldig godt å ha noko ein kan rømme litt vekk med. 

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s